Hjartestartarar

Bruk av hjartestartarar kan i mange høve vera skilnaden mellom liv og død.

Det er plassert hjartestartarar fleire stader i Os kommune, i både privat og offentleg regi. Der skal finnast personar som er lærte opp i bruk av desse, men i naudsituasjonar skal dei òg kunna brukast utan opplæring.


Skilt / logo: Vi har en hjertestarter - Klikk for stort bilete

Os kommune har hjartestartarar plasserte på følgjande stader:

  • Rådhuset, tilgjengeleg i opningstida (8.00-15.00/15.30 i desember, januar og februar)
  • Os brann- og redningsvesen: I nokre av bilane
  • Os og Samnanger legevakt (Mobergsbakken 111)
  • Lunde barneskule, tilgjengeleg i opningstida (8.00-15.00)
  • Luranetunet bu- og behandlingssenter
  • Oseana kunst- og kultursenter, tilgjengeleg i opningstida

Hjertestarterregisteret på 113.no blir drifta av offentlege helsestyresmakter. Der kan både offentlege og private registrere kvar det er plassert hjartestartarar. 

Vi oppmodar alle til å orientere seg om kvar næraste hjartestartarar er plasserte, og kva tid dei er tilgjengelege.

Ved hjartestans eller andre livstruande skader eller sjukdomstilfelle: Ring 113.