Legetenester

Os legevakt er open heile døgnet, alle dagar.

  • Os legevakt: telefon 116117
  • Medisinsk naudhjelp ved akutt, alvorleg sjukdom eller skade: Ring 113

Dersom du ikkje er alvorleg eller akutt sjuk/skada, ta kontakt med fastlegen din i kontortida.

Merk: Alle telefonsamtalar til 116117 blir tatt opp og loggførte.

På HELFO sine nettsider kan du finne og byte fastlege.

Du kan berre velje mellom legar som har ledig kapasitet. Det er diverre ikkje mogleg å setje seg på venteliste.