Hjelpemiddel ved langvarig nedsett funksjonsevne

Treng du hjelpemiddel grunna langvarig nedsett funksjonsevne, kan du venda deg til kommunen sitt hjelpemiddellager på Luranetunet, avd. Rehabilitering.

Der vil du mellom anna få ei fagleg vurdering av kva hjelpemiddel du har behov for.

Hjelpemidla blir lånte ut av Nav Hjelpemiddelsentral i Hordaland, som låner ut både nye og resirkulerte hjelpemiddel.

Kommunen sørgjer for at søknad blir sendt til Nav Hjelpemiddelsentral i fylket.

Kva vi kan tilby

  • Kartlegging/vurdering av behov for type hjelpemiddel
  • Hjelp ved søknad/bestilling av hjelpemiddel
  • Tilpassing og utprøving av hjelpemiddel
  • Hjelp ved reparasjon av hjelpemiddel
  • Hjelp ved tilbakelevering av hjelpemiddel

Kven kan søkja?

  • Personar med varig nedsett funksjonsevne (minimum 2 år), som har behov for tilrettelegging for å kunne fungere best mogleg i dagleglivet. 
  • Du må vera busett i eller ha mellombels opphald i kommunen.

Krav til søkjar

  • Samarbeid for å finne best mogeleg løysing
  • Hjelpemidla blir tekne godt vare på
  • Hjelpemidla blir leverte tilbake når det ikkje lenger er behov for dei.

Slik søkjer du om hjelpemiddel

  1. Fyll ut søknadsskjema
    Skjemaet må innehalda personopplysningar og informasjon om funksjonsnivå.

     
  2. Skriv ut skjemaet, skriv under og send det til
    Os kommune, avd. Rehabilitering, Solstrandvegen 39, 5200 Os

     
  3. Du kan også ringja oss på tlf. 56 57 55 92. 

Pris

Folketrygda gjev vanlegvis støtte til det rimlegaste av dei hjelpemidla som avhjelper problemet.

 

Publisert av Sigrun Bukkholm. Sist endra 11.03.2016 12:45

Kontakt

Martha Lunde Pedersen
Leiar avd. Rehabilitering
Telefon: 56 57 55 92