Matlevering

Bur du heime og har problem med å få laga middag til deg sjølv, kan du få maten tilkøyrd. Maten er ferdig laga middag som må varmast, levert ein eller to gongar i veka - alt etter kor mange middagar du ynskjer.

Slik går du fram 

  • Os kommune har avtale med Matvarehuset, telefon 40 00 64 99.
    Du kan sjølv ta kontakt med dei for å avtale utkøyring.
  • Du kan òg fylla ut felles søknadsskjema for helse- og omsorgstenester  som du sender til Bestillar- og forvaltarkontoret, Postboks 84, 5202 Os.

Dersom det er andre som søkjer for deg, må du leggja ved fullmakt.

Treng du meir hjelp eller rettleiing for å fylla ut søknaden?

Kva skjer vidare med søknaden?

Kven er tilbodet for?

Eldre eller funksjonshemma som bur heime.

Pris

Ta kontakt med Matvarehuset på telefon 40 00 64 99 for informasjon om prisar.

Klage

Klage på mat eller levering må rettast til Matvarehuset, på telefon 40 00 64 99

Kontakt

Birgit Nora Holsen
Birgit Nora Holsen
Leiar Bestillar- og forvaltarkontoret
Telefon: 56 57 50 35
Mobil: 916 54 099