Tryggleiksalarm

Tryggleiksalarm er ein alarm som eldre, funksjonshemma og sjuke ber på seg for å kunna tilkalla hjelp i akutte situasjonar heile døgnet. Alarmen kan vera ein knapp som er festa på handleddet eller rundt halsen.

Tryggleiksalarmen er knytta til ein vaktsentral, som formidlar kontakt vidare til heimesjukepleia. Vaktsentralen eller personell frå kommunen rykkjer ut heile døgnet dersom alarmen går.

Vi vil òg kopla opp brannvarsling når vi installerar alarmen. Denne vert sendt direkte til brannvesenet. Det vil ikkje medføra ekstra kostnader for deg.

Du vil få ein nøkkelboks utanfor ytterdøra, der du må ha nøkkel til ytterdøra di. Heimesjukepleia vil ha nøkkel til nøkkelboksen.

Slik søkjer du om tryggleiksalarm

Bruk felles søknadsskjema for helse- og omsorgstenester.
Send søknaden til Os kommune, Bestillar- og forvaltarkontoret, Postboks 84, 5201 Os

Hjelp og rettleiing i søknadsprosessen

Kva skjer vidare med søknaden?

Det er ingen søknadsfrist. Søknader vert handsama etter kvart.

Kven kan søkja om tryggleiksalarm?

Du som har auka risiko for fall, grunna redusert helse eller funksjonshemming.

Pris

Prisane vert fastsette årleg av Os kommunestyre.Sjå Os kommune sitt avgiftsbudsjett for 2016 (PDF, 626 kB), side 9.

 

Publisert av Sigrun Bukkholm. Sist endra 20.10.2016 09:47

Kontakt

Kari  Wågsæther
Kari Wågsæther
Rådgjevar Bestillar- og forvaltarkontoret
Telefon: 56 57 51 82
Mobil: 916 83 210