Alternativ til vold (ATV)

Hjelp til deg som er utsett for vald i nære relasjonar.

Os kommune samarbeider med stiftinga Alternativ til Vold (ATV) om å tilby hjelp til deg som er utsett for, eller utøver, vald i nære relasjonar.

Kva er ATV?

Alternativ til Vold (ATV) er ei stifting som jobbar med vald i nære relasjonar. Dei tilbyr psykologisk behandling for både barn og vaksne, både dei som utøver aggresjon og vald og dei som er utsette for det.

Kva kan ATV tilby?

ATV kan gi hjelp ein-til-ein eller gjennom parsamtalar, familiesamtalar eller i grupper.

Kven er tilbodet for?

ATV er et lågterskeltilbod.  Det betyr at alle som har behov for hjelp kan ta kontakt på eiga hand. Dei tar òg mot skriftlege tilvisingar frå lege og andre hjelpeinstansar.

Kva kostar tilbodet?

Behandlinga er gratis for barn og deg som er utsett for vald. Personar som utøver vald må betale 300 kr per time dersom dei er i full jobb.

Slik tar du kontakt

For meir informasjon, sjå Alternativ til Vold si nettside eller ring 55 60 31 99.

Kontakt

Alternativ mot Vold
(ATV)
Telefon: 55 60 31 99