Demenskoordinator

Demenskoordinator er ein sentral pådrivar for god demensomsorg i kommunen og organiserer ei rekke tilbod.

Kven kan nytta tilbodet frå demenskoordinator?

  • Dementsjuke
  • Dementsjuke sine pårørande
  • Tilsette i kommunen

Demenskoordinatoren tilbyr

Demenskoordinator har spesiell kompetanse i høve til demenssjukdom og kan gje informasjon og rettleiing til dementsjuke, deira pårørande og tilsette i  kommunen.Ho kan òg informera om kommunen sine tenester og tilbod, og hjelpa til med å fylla ut søknader.

Demenskoordinator samarbeider tett med demensforeininga i Os.

Slik går du fram

Tilbodet er frivillig.
Du kan ta direkte kontakt på telefon eller e-post.
Du treng ingen søknad eller tilvising.

Pris

Tilbodet er gratis.

Kontakt

Astrid Egge  Døsen
Astrid Egge Døsen
Demenskoordinator
Telefon: 56 57 56 22
Mobil: 469 59 731