Koordinator og individuell plan (IP)

Individuell plan (IP) er eit tilbod til deg som mottek hjelp frå to eller fleire instansar, og som har behov for koordinerte tenester. Ordninga med IP er frivillig.

Sjølv om ein ikkje ønsker å få utarbeida ein individuell plan kan ein likevel be om å få oppnemnd ein koordinator. Koordinator skal sørgja for nødvendig oppfølging, samordning av tenestetilbod og framdrift i arbeidet med ein eventuell plan. 

 

Kven kan ha behov for individuell plan?

  • Alle som har behov for langvarige og koordinerte tenester har rett til å få utarbeida ein IP dersom dei ønsker det.
  • Planen skal vera eit verktøy for samarbeid mellom tenestemottakar og hjelpeapparat og mellom dei ulike tenesteytarane.

Dette kan vera aktuelt for personar:

  • som på grunn av skade eller sjukdom har eit brått fall i evna til å fungera i dagleglivet.
  • som har gradvis fall i funksjonsevna over lengre tid.
  • med kroniske lidingar.
  • med fysiske, psykiske eller sosiale vanskar.
  • med medfødd funksjonssvikt.


 Koordinerande eining (KE):

  • Har overordna ansvar for arbeid med IP, oppnemning, opplæring og rettleiing av koordinator.
  • Er samansett av personar frå ulike tenestestader.
  • Skal bidra til at dei ulike tenestene innan habilitering og rehabilitering verkar saman. 

 

Søk om Individuell plan

  • Dersom det er andre som søkjer for deg, må du leggja ved fullmakt
  • Fyll ut Søknadsskjema Individuell plan (PDF, 97 kB)
  • ?Skriv ut skjemaet, skriv under og send skjemaet til Os kommune, Koordinerande eining, Bestillar- og forvaltarkontoret, Postboks 84, 5202 Os
  • Det er den som treng hjelp, evt. pårørande med fullmakt, som skal skriva under søknaden
     

Kva skjer vidare med søknaden?

Koordinerande eining vil handsama søknaden så snart som mogleg og ta stilling til kva tenesteområde som vil få ansvaret for å oppnemna koordinator.

Dersom saka ikkje kan avgjerast innan ein månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Samstundes vil du få opplyst om når ein ventar at vedtaket blir gjort.

Treng du meir hjelp eller rettleiing for å fylla ut søknaden?

 

Kva er ein nettbasert individuell plan?

Os kommune har valt å ta i bruk ACOS IP som verktøy for individuell plan. Deltakarane i ei ansvarsgruppe kan logga seg inn i verktøyet på internett, lesa planen og bidra til planarbeidet same kor ein oppheld seguavhengig kor dei befinn seg. Planeigar skal saman med koordinator avklara kven andre som skal ha tilgang til planen. For born og unge er det føresette som er med å bestemma innhaldet i planen.

Når planen er sett i verk, vil ein få tildelt brukarnamn og passord. 

Publisert av Sigrun Bukkholm. Sist endra 25.08.2016 08:59

Kontakt

Jorun Elin  Dahl
Jorun Elin Dahl
Rådgjevar Bestillar- og forvaltarkontoret
Telefon: 56 57 53 95
Mobil: 904 76 659
Barbara Træland
Barbara Træland
rådgjevar
Telefon: 56 57 51 16
Mobil: 948 58 117
Bestillar- og forvaltarkontoret
Postboks 84
Telefon: 5202 Os