Kreftkoordinator

Stillinga som kreftkoordinator er støtta med lønsmidlar frå Kreftforeningen.

  • Kreftkoordinatoren skal vera ein «medvandrar» for kreftpasienten og pårørande, frå diagnose gjennom behandling, rehabilitering, og omsorg ved livets slutt.
     
  • Kreftkoordinatoren skal vera ein kontakt i kommunen for kreftoverlevande som lever med biverknader etter sjukdom og behandling

Kven er tilbodet meint for?

Har du sjølv fått kreft, kan du få individuell oppfølging av kreftkoordinator i Os.

Du har gjerne tankar om behandlinga og korleis du kan koma gjennom den på best mogleg måte.
Etter behandling skal livet gå videre anten ein er kreftfri eller ein må læra seg å leva med kreften. Då kan mange oppleva at det ikkje er berre enkelt å ta opp att tråden frå tida før ein fekk kreft.

Du kan ta kontakt dersom du ...

  • .. nett har fått ein kreftdiagnose
  • .. ventar på behandling
  • .. er under behandling på sjukehus
  • .. har seinverknadar etter kreftbehandling
  • .. er frisk etter behandling, men har spørsmål om rehabilitering
  • .. ikkje blir frisk og treng hjelp til tilrettelegging av kvardagen

Pårørande til kreftpasientar kan og ta kontakt med kreftkoordinator.
Det same kan aktuelle samarbeidspartar i kommunen og spesialisthelsetenesta.

Kva kan kreftkoordinator tilby?

Kreftkoordinatoren i Os er utdanna kreftsjukepleier og har brei erfaring innan fagfeltet. Ho kan tilby individuelle møte på kommunehuset, eller koma heim til deg.

Samarbeidspartar

  • Kreftteam i Os som mellom anna driftar ei treningsgruppe
  • NAV, fastlegane, fysikalske institutt, heimetenesta, behandlingsavdelinga på Luranetunet
  • Barnehagar, skular og helsesystre i Os
  • Frisklivssentralen i Os
  • Haukeland Universitetssjukehus, Vardesenteret og Sunniva Klinikk
  • Parykkspesialisten (Parykk og hovudplagg)

Korleis tek eg kontakt?

Kreftkoordinator er organisert under eininga Bestillar- og forvaltarkontoret, og er å treffa i rådhuset.
Du treng ingen søknad eller tilvising. Du kan sjølv ta direkte kontakt på telefon eller e-post.
Dine næraste kan og ta direkte kontakt. 

Kontortid:

  • Måndag kl. 08:00 - 17:00
  • Tysdag, onsdag, torsdag: Kl. 08:00 - 15:00

Kva kostar tenesta?

Tenesta er gratis

Kontakt

Sigbjørg Eriksson
Sigbjørg Eriksson
Kreftkoordinator
Telefon: 56 57 51 39
Mobil: 469 22 958