Kveldsope

Kveldsope - ein møteplass for etterlatne - er eit samarbeid mellom Os kyrkje, Frivilligsentralen og Os kommune.

Kontaktinformasjon

Sjå høgre marg.

Kven er Kveldsope meint for?

Kveldsope er ein møteplass for deg som har mista ein av dine kjære.

Mange etterlatne kjenner seg einsame og motlause. Her vil du møta andre i same situasjon - som forstår kva du føler og tenkjer på. Det kan vera enklare å finna håp og pågangsmot saman med andre.

Bli med!
Vi har plass til alle i målgruppa

Kva kan vi tilby?

Vi samlast over ein kaffikopp og snakkar om erfaringar, kjensler, utfordringar og det kvar enkelt av oss elles måtte føla for å ta opp. Aktuelle tema kan og vera normale reaksjonar hjå barn, ungdom og vaksne som er i sorg, og metodar for å meistra kvardagen. Kveldsope er eit lågterskeltilbod utan andre forpliktingar enn at det som vi deler i rommet, blir der.

Kva tid er det Kveldsope?

Datoar i 2016:

  • 15. mars
  • 31. mai
  • 6. september
  • 15. november

Stad: Det gamle kommunehuset. (Frivilligsentralen sine lokale)
Tid:   Kl. 19.30-21.00.

Vi føretrekk påmelding til kreftkoordinator Sigbjørg Eriksson. Send ein SMS til telefon 469 22 958

Kontakt

Sigbjørg Eriksson
Sigbjørg Eriksson
Kreftkoordinator
Telefon: 56 57 51 39
Mobil: 469 22 958
Sunniva Barman Teige
Kommunepsykolog
Telefon: 56 57 51 55
Mobil: 993 79 839