Livslyst når det røyner på

 

Kven er kurset "Livslyst når det røyner på" meint for?

Alle som har, eller har hatt kreft, som er pårørande eller etterlaten.

Kva kan vi tilby?

  • Du får høve til å læra meir om korleis du kan takla stress og få tak i di eiga livslyst.
  • Praktiske tips og nyttige verktøy som kan nyttst i møte med utfordringar i kvardagen.
  • Du får høve til dela erfaringar med andre som kjenner seg att, på godt og vondt.
  • Du får læra om korleis tankar og kjensler heng saman

Kurset vert leia av fagfolk med brei kompetanse og erfaring innan kreftarbeid

Kva tid?

Kurset vert arrangert årleg i oktober månad. Kurset går over fire dagar - 3 timar kvar gong.
Du bør delta på alle kursdagane for å få eit godt utbyte.

Det vil koma nærare informasjon om tid og stad når kurset nærmar seg.

Påmelding

Meld deg på til kreftkoordinator. Sjå kontaktinfo i høgre marg.

Kontakt

Sigbjørg Eriksson
Sigbjørg Eriksson
Kreftkoordinator
Telefon: 56 57 51 39
Mobil: 469 22 958