Meistringstreff – kurs for kreftpasientar og pårørande

Meistringstreff er eit kurs for alle som har eller har hatt kreft, pårørande eller etterlatne. Det er også ope for andre med helseutfordringar.

Kva kan vi tilby?

  • Du får høve til å læra meir om korleis du kan takla stress og få tak i di eiga livslyst.
  • Praktiske tips og nyttige verktøy som kan nyttast i møte med utfordringar i kvardagen.
  • Du får høve til dela erfaringar med andre som kjenner seg att, på godt og vondt.
  • Du får læra om korleis tankar og kjensler heng saman

Kurset vert leia av fagfolk med brei kompetanse og erfaring innan meistringsarbeid.

Kva tid?

Kurset vert arrangert årleg. Kurset går over fire dagar - 3 timar kvar gong.
Du bør delta på alle kursdagane for å få eit godt utbyte.

Neste kursdagar er 11., 18. og 25. oktober, samt 1. november.

Påmelding

Meld deg på til kreftkoordinator. Sjå kontaktinfo i høgre marg.

Kontakt

Sigbjørg Eriksson
Sigbjørg Eriksson
Kreftkoordinator
Telefon: 56 57 51 39
Mobil: 469 22 958