Treffpunkt

Treffpunkt er ein møteplass for barn mellom 6 og 16 år, som har ein i familien som har kreft eller som er død av kreft.

Kva kan vi tilby?

På Treffpunkt vil borna møta andre born og unge i liknande situasjonar som kan forstå kjensler som skyld, sinne, og uro. Samtale er sentralt på Treffpunkt, men vi har også leik, spel og aktivitetar – det er lov å le og ha det gøy.

Treffpunkt er eit samarbeid med Kreftforeningen, vaksne med erfaring frå arbeid med born og unge driftar i lag med frivillige frå Kreftforeningen.

Vi har også tett samarbeid med barnekoordinator - hjelp til barn som pårørande. 

Kva tid er det treffpunkt?

Vi møtest følgande datoar våren 2019:

  • Måndag 14. januar kl 1700-1900
  • Måndag 18. februar kl 1700-1900
  • Måndag 18. mars kl 1700-1900
  • Måndag 29. april kl 1700-1900
  • Måndag 13. mai kl 1700-1900
  • Måndag 3. juni kl. 1700-1900

Stad: Varafjell ressurssenter, Industrivegen 88.

Påmelding

For meir informasjon eller påmelding, kontakt kreftkoordinator. Sjå kontaktinformasjon i margen.

treffpunkt1 - Klikk for stort bilete treffpunkt2 - Klikk for stort bilete

Kontakt

Sigbjørg Eriksson
Sigbjørg Eriksson
kreftkoordinator
Telefon: 56 57 51 39
Mobil: 469 22 958