Tilbud fra helseteam, her finn du oss og sånn tar du kontakt.


Kombinasjonen rusliding og psykisk liding vert kalla ROP-liding, og ROP-oppfølgingsteamet er oppretta for å ivareta personar som har både rusproblem og psykisk liding.

ROP oppfølgingsteam er etablert for å ivareta personar med rus og samstundes psykisk liding.

Teamet er sett saman av fagpersonar med helse- og sosialfagleg utdanning. I tillegg har teamet tett samarbeid med ruskonsulent og psykologteneste. 

Diabetesteamet er eit samarbeid mellom kommunane Os, Samnanger og Fusa.

Teamet består av fagleg ansvarleg lege og diabetessjukepleiar.
Diabetessjukepleiar har eigne konsultasjonar og ambulerer i dei tre kommunane.

Målet til diabetesteamet er å gje personar med diabetes betre oppfølging og behandling der dei bur, i tett samarbeid med fastlegen og spesialisthelsetenesta.

KOLS-teamet er eit samarbeid mellom kommunane Os, Samnanger og Fusa.

Teamet består av ein sjukepleiar i 100% stilling og fysioterapeut i 40% stilling.

Målet med teamet er å hjelpe personar med KOLS til best mogeleg helse og livskvalitet gjennom tett lokal oppfølging.

Kreftteamet er eit tverrfagleg team for kreftpasientar i Os kommune.
Teamet består av kreftsjukepleiar i 40 % stilling, samt ergoterapeut og fysioterapeut i 20% stillingar.

Målet for kreftteamet er å gje best mogeleg koordinerte helsetenester for pasientane i nærmiljøet. I tillegg til å gje praktisk hjelp, ønskjer teamet å vera ein støttande samtalepartnar for pasient og pårørande.