Hjartestartarar

Bruk av hjartestartarar kan i mange høve vera skilnaden mellom liv og død.

Det er plassert hjartestartarar fleire stader i Os kommune, i både privat og offentleg regi. Der skal finnast personar som er lærte opp i bruk av desse, men i naudsituasjonar skal dei òg kunna brukast utan opplæring.

Skilt / logo: Vi har en hjertestarter - Klikk for stort bilete

Os kommune har hjartestartarar plasserte på følgjande stader:

  • Rådhuset, tilgjengeleg i opningstida (8.00-15.00/15.30 i desember, januar og februar))
  • Os brann- og redningsvesen: I nokre av bilane
  • Os og Samnanger legevakt (Mobergsbakken 111)
  • Søre Neset skule, tilgjengeleg i opningstida (8.00-15.00)
  • Luranetunet bu- og behandlingssenter
  • Oseana kunst- og kultursenter, tilgjengeleg i opningstida

Vi oppmodar alle til å orientera seg om kvar næraste hjartestartarar er plasserte, og kva tid dei er tilgjengelege.

Ved hjartestans eller andre livstruande skader eller sjukdomstilfelle: Ring 113.