Barnekoordinator - hjelp til barn og unge pårørande

Når foreldre, søsken eller andre nære blir alvorleg sjuke, døyr eller på andre måtar har det vanskeleg, påverkar det heile familien - også barn og ungdom.

Vi veit at alle foreldre vil det beste for barna sine. Vi veit òg at sjukdom og kriser i familien utfordrar vår evne og kapasitet som foreldre, og i tunge periodar kan det vere vanskeleg å strekke til.

Familiar er ulike, men alle barn og unge har rett og behov for ein forståeleg og trygg kvardag.

Barn kan lett føle skuld for at nokon blir sjuke eller strevar med livet. Det er store variasjonar i korleis barn og unge reagerer på vanskar i familien, men vi veit at når eit barn endrar veremåte, er det ofte ein måte å be om hjelp til å handtere vanskelege kjensler.

Dette kan vi hjelpe med

Barnekoordinator er eit tilbod til barn, ungdom og føresette i Os kommune, der foreldra sjølve, søsken eller andre nære har helsemessige eller andre vanskar.

Barnekoordinatoren er ein del av kommunen sitt Familieteam, og samarbeider tett med ulike fagpersonar, til dømes helsesøster, kreftkoordinator og psykolog.

Saman tilbyr vi:

  • Støtte, råd og rettleiing til foreldre i korleis foreldra best kan støtte barna eller ungdommen når familien har det vanskeleg.
  • Samtaler med barn, ungdom og føresette. Tilbod om heimebesøk.
  • Nettverksarbeid, samarbeid med til dømes skule og barnehage.
  • Å vere ei dør inn og vise veg vidare i hjelpeapparatet for familiar med behov for samordna tiltak.
  • Informasjon og oversikt over andre aktuelle hjelpetiltak i kommunen og omegn.

Slik tar du kontakt

Barnekoordinator er eit lågterskeltilbod der føresette og/eller andre som kjenner familien kan ta kontakt direkte på telefon eller e-post. Du treng ingen søknad eller tilvising. All hjelp er gratis. Barnekoordinator held til i rådhuset.

Både interne og eksterne fagpersonar som kjenner familien er òg velkomne til å ta kontakt.

Kontakt

Beate Botnevik
barnekoordinator
Telefon: 56 57 53 32
Mobil: 480 32 152