Kva kan vi tilby?
-
Hjelp til å førebyggja avhengigheit av rus eller speling hos unge mellom 14 og 25 år
-
Råd og rettleiing, støttesamtalar og oppfølging
-
Ev. vidare tilvising til spesialisthelsetenesta
-
Koordinering av hjelpetilbod
-
Kort ventetid
Kven kan ta kontakt?
Den som er på veg inn i avhengigheit, ser det ofte ikkje sjølv. Difor er det ekstra viktig at vi som er rundt tar teikna på alvor.
Svært ofte er rusproblemet eit symptom på andre, bakanforliggande ting som den unge treng hjelp for å løyse.
Er du mor eller far, tante eller onkel, syster eller bror, lærar, helsepersonell, trenar, nabo, klassekamerat eller ven av ein ungdom som slit? Eller kjenner du sjølv at du har problem?
Ta kontakt med oss.
Slik tar du kontakt
Ruskonsulent tek imot telefonen og gjev råd og rettleiing i den einskilde saka og/eller tek saka vidare til ressursgruppa.