Kontakto

Kontakto er eit dag-tilbod / ein møteplass for menneske med psykiske vanskar. Tilbodet er frivillig, og brukarane kan nytta Kontakto i den grad dei ynskjer sjølve.

Vi ynskjer å motverka kjensla av einsemd og isolasjon, og leggja til rette for at du kan ta i bruk  eigne ressursar.

Vi ynskjer å følgja, støtta og rettleia deg i kvardagen din og gje deg eit trygt og stabilt tilbod med høg grad av toleranse, kontinuitet og omsorg.

Kontaktinformasjon

Kontakto held til i tidlegare prestebustad, første etasje

Adresse: Giskavollen 5, 5200 Os.

Opningstid

Måndag, tysdag, torsdag og fredag: klokka 09.30-15.00
Onsdag: klokka 18.00-21.00

Personale er tilgjengeleg i opningstida.

Kva kan vi tilby?

  • Vi går på tur og reiser på tur
  • Vi spelar bowling og golf
  • Vi har treningsapparat
  • Vi har strikkeklubb
  • Vi driv med glassmaling og har terapeutisk maling
  • Vi sym i bassenget på Luranetunet
  • Vi brukar sanserommet på Kuhnletunet
  • Vi reiser på teater
  • Vi har tilgang til data og internett
  • Vi lagar mat saman og kosar oss med felles måltid
  • Vi pratar saman og er til støtte og hjelp for kvarandre
  • Vi har årlege tradisjonar, som t.d. blåtur, haustfest, hyttetur og julebord

Kven kan søkja om plass i Kontakto?

Tilbodet er for vaksne over 18 år med psykiske vanskar.

Slik søkjer du

  • Dersom det er andre som søkjer for deg, må du leggja ved fullmakt
  • Fyll ut felles søknadsskjema for helse- og omsorgstenester .
  • Skriv ut skjemaet, skriv under og send skjemaet til Os kommune, Bestillar- og forvaltarkontoret, Postboks 84, 52002 Os
  • Det er den som treng hjelp, evt. pårørande med fullmakt, som skal skriva under søknaden

Treng du meir hjelp eller rettleiing for å fylla ut søknaden?
Psykiatrisk sjukepleiar og fastlege kan og hjelpa til med utfylling

Kva skjer vidare med søknaden?

Kontakt

Eva-Mari Solberg
Eva-Mari Solberg
Leiar Helsetenester
Telefon: 56 57 51 02
Mobil: 982 34 495