Ruskonsulent

Ruskonsulenten i Os kommune er eit tilbod til deg som har, eller kjenner nokon som har, eit problem med rus eller annan avhengigheit. Tilbodet er gratis og du treng ikkje tilvising.

Ruskonsulenten tilbyr

  • Støttesamtale med klientar og/eller pårørande
  • Råd og rettleiing
  • Kartlegging
  • Tilvising til behandling
  • Fagleg rettleiing 

Når tar du kontakt?

Dersom du har eller er i ferd med å få eit problematisk forhold til rus, speling eller anna, kan du ta kontakt. Du er òg hjarteleg velkomen til å ta kontakt dersom du er bekymra for at ein annan person kan vere avhengig.

Slik tar du kontakt

Ta kontakt på telefon eller e-post. Du treng ikkje avtale tid eller planlegge kva du skal seie. Ruskonsulenten er her for å hjelpe deg.

Kontakt

Per Gunnar Lunde Oseng
Per Gunnar Lunde Oseng
Ruskonsulent
Telefon: 94 84 20 68