Om Vartun oppfølgingsteneste

Vartun oppfølgingsteneste er eit døgnbemanna bustadtiltak for rusavhengige.

Huset ligg i Industrivegen og inneheld 16 leiligheter og ein krisehybel.

  

Kva kan Vartun tilby?

Tenesta tilbyr bebuarane trygge og gode rammer der ein jobber med å auke buevna, med mål om å kunne bu i sjølvstendig bustad. Ein ønsker å betre livskvaliteten for rusavhengige, med fokus på å redusere fysiske skadar og å betre den psykiske helsa.

Tilboda er blant anna samtaler, eit varmt måltid, sosialt samvær, trening, utdeling av reint brukarutstyr, utdeling av medisin for pasientar under legemiddelassistert rehabilitering og lågterskel arbeidstilbod.

Kven kan søkje om plass på Vartun?

  • Rusavhengige som treng hjelp til å bu, og der rusmisbruket er hovudårsak til redusert eller manglande buevne.
  • Bustadlause. Det vil si personar som har mellombels eller tilfeldig bualternativ eller personar som oppheld seg i institusjon (hospits, fengsel, hehandlingsinstitusjon) og som ikkje har eigen bustad ved utskriving.
  • Personar i ein rehabiliteringfase, der assistert bustad saman med andre aktuelle tenester medverkar i motivasjonsarbeid og støtte i forkant av behandling, samt oppfølging ved utskriving etter behandling. Det gjeld også brukarar i LAR.

 

Kontaktinformasjon

Besøksadresse: Industrivegen 8

Telefon: 916 72 073

Kontaktperson: Arve Frostad, avdelingsleiar, 56 57 52 26

 

Tilbod

Livskvalitet  er eit lågterskeltilbod til rusavhengige.
Vi tek sikte på å gjera det mogleg for denne guppa å oppleva auka meistring og betre livskvalitet gjennom aktivitetar, trening og lågterskel-arbeid.

Baksio er eit lågterskeltilbod til menneske som er rusavhengige.
Dette er tenester du ikkje treng å søkja om. Du er velkomen til å berre møta opp 

På oppdrag frå Helse Bergen administrerer vi utdeling av medisinar for pasientar som er under legemiddelassistert rehabilitering.


Kombinasjonen rusliding og psykisk liding vert kalla ROP-liding, og ROP-oppfølgingsteamet er oppretta for å ivareta personar som har både rusproblem og psykisk liding.

ROP oppfølgingsteam er etablert for å ivareta personar med rus og samstundes psykisk liding.

Teamet er sett saman av fagpersonar med helse- og sosialfagleg utdanning. I tillegg har teamet tett samarbeid med ruskonsulent og psykologteneste. 

Kontakt

Arve Frostad
Avdelingsleiar i Vartun oppfølgingsteneste
Telefon: 56 57 52 26
Mobil: 926 24 782