Traumekurs

Os kommune tilbyr traumekurs for vaksne. På kurset kan du kan lære om korleis traumereaksjonar påverkar deg, og korleis du kan handtere symptoma.

Kva er eit traume?

Traumereaksjonar oppstår når du opplever noko som kjennest svært voldsomt, uuthaldeleg og som blir for mykje til at du kan klare det aleine.
Det kan vere at du er blitt utsett for noko som du ikkje har kontroll over, slik at du kjenner deg hjelpelaus, eller blitt tvungen til å gjere nok mot di eiga vilje, og utan at du kan nekte.
Slike opplevingar kan føre til at sentralnervesystemet blir overvelda, og det fører til ulike traumereaksjonar. Reaksjonane varer over tid, fordi dei ikkje har blitt regulert og stabilisert.

Kven er kurset for?

Menn og kvinner som har opplevd traume og har reaksjonar på bakgrunn av dette, og som ønskjer å jobbe med å forstå og handtere trauma bedre.

Du treng ikkje ha ein bestemt diagnose for å delta på kurset, men for at kurset skal bli meiningsfult for deg, er det er viktig at du kjenner deg igjen i følgande symptom:

  • Du har påtrengande tankar, bilete og minne, og mareritt
  • Du kjenner uro, på vakt-følelse og anspenthet store delar av tida
  • Du har vanskar med regulering (søvn, aktivitet og kvile, følelser mm.)
  • Du unngår traumeminne og/eller eigne kjensler og tankar
  • Du har utfordringar med å fungere i kvardagen

Kva handlar kurset om?

Målet med kurset er å lære om kvifor du strevar på den måten du gjer, og at plagene dine er normale reaksjonar på overveldande og skremmande hendingar. Dessutan er målet med kurset å lære om korleis du kan handtere traumesymptoma, slik at evna til å vere til stades her og no aukar, og du får meir avstand til traumehendingane. Tema som vil bli tatt opp er: Følelsar, tankar, kroppsleg uro, søvn og døgnrytme, sjølvhevding, forhold til andre og gode grenser, og korleis fungere betre i kvardagen.

Deltakarane si historie eller fortid blir ikkje tema på kurset.

Praktisk om traumekurs i Os kommune

Vi har to traumekurs i Os kommune. Begge kursa er for menn og kvinner med traumereaksjonar. På det eine kurset blir det i tillegg til traumereaksjonar også hjelp med å forstå samtidig problematikk knytt til avhengigheit. Dette kurset blir gjennomført i samarbeid med LAR-behandlar og spesialsjukepleiar Iris Fleten frå Avdeling for rusmedisin i Helse Bergen.

Begge kursa har samlingar ein gong i veka. Kvar samling varer 1 time og 45 minutt, frå kl 13.00 til 14.45, med 15 minutt pause.
Vi startar opp igjen i løpet av hausten 2019.   

Det eine kurset går over 20 gonger. Det andre kurset, som òg har fokus på avhengighet av t.d. rus eller sjølvskading for å takle kvardagen, går over 22 gonger. Begge kursa er gratis.

Kvar samling får ein fast struktur med avspenning, oppsummering, undervisning og øvingar.

Kvar kursdeltakar må ha ein kontaktperson som følgjer dei opp individuelt mens kurset går. Alle som deltar forpliktar seg til å ikkje snakke om dei andre deltakarane utanfor kurset.

Når du har meldt di interesse for kurset, blir du og kontaktpersonen din kalt inn til ein samtale med kursleiar, for å kartlegge utfordringane dine og vurdere om kurset passar for deg. 

 

Kursleiarar

  • Kommunepsykolog Sanne Bach Skorpen
  • Kommunepsykolog Ida Caroline Benestad
  • Psykomotorisk fysioterapeut Vivi-Ann Moberg
  • LAR-behandlar og spesialsjukepleiar Iris Fleten
  • Sosionom og miljøterapeut Johanne Rotvik

Erfaringar frå å delta på traumekurs

Mange synest det er krevande å delta på desse kursa, men tidlegare deltakarar har gitt mange gode tilbakemeldingar om korleis traumestabiliseringskurs er svært meiningsfylt og nyttig for dei. Nokon er frustrerte over at dei ikkje har fått denne kunnskapen før. Nokre døme på korleis deltakarar har hatt nytte av kursa:

  • «Eg forstår mine eigne følelsar, tankar og reaksjoner så mykje betre».
  • «Endeleg kan eg sette puslespelbrikkene på plass, slik at eg får eit heilt liv».
  • «Kvifor (dei dumme?) tankane kjem, og kvifor eg reagerer som eg gjer».
  • «Eg har dei same utfordringane, men handterer dei betre».
  • «Det er lettare å tørre å reise til byen, og å være blant folk».
  • «Eg har lært å ikkje klandre meg sjølv så mykje».
  • «No føler eg at det er eg som styrer livet mitt - ikkje kjenslene eller grublinga».
    Ein deltakar sa at «eg har i løpet av dei 22 vekene her på kurset fått meir behandling enn eg har fått i dei 20 åra eg har vore i behandling».

Slik melder du deg på

Dersom du har oppfølging i kommunen frå før, kan du snakke med kontaktpersonen din. Dersom du ikkje har kontakt med nokon i det kommunale hjelpeapparatet frå før, kan du ringe eller sende ein sms:

  • Traumekurs: Ida Caroline Benestad, mobil 908 34 270
  • Traumekurs med samtidig avhengigheitsproblematikk: Sanne Bach Skorpen mobil 951 51 771.

Kontakt

Sanne Bach Skorpen
Sanne Bach Skorpen
psykolog
Telefon: 56 57 50 57
Mobil: 951 51 771
Ida Caroline Benestad
psykolog
Telefon: 56 57 51 34
Mobil: 908 34 270