Ergoterapi

Ergoterapeuten hjelper deg å trene og leggje til rette for meistring av dei aktivitetane som er viktig for deg med mål om at du kan leve eit aktivt liv og delta i samfunnet. Rehabiliteringsavdelinga held til på Luranetunet.

Kven kan søkja?

  • Born og vaksne som har, eller som står i fare for å få vanskar med å utføre daglege gjeremål på grunn av sjukdom, skade eller anna funksjonsnedsetting.
     
  • Tenesta er eit tilbod til personar som bur eller oppheld seg i kommunen - både heimebuande og personar som bur eller mellombels oppheld seg i institusjon.

Søk om ergoterapi

1. Fyll ut aktuelt søknadsskjema:

2. Skriv ut skjemaet, fyll ut og send søknaden til: Os kommune, avd. Rehabilitering, Solstrandvegen 39, 5200 Os

 

Kva vi kan tilby

Ergoterapeuten kan m.a. hjelpa med ...

  • å kartleggje funksjon og omgjevnadar
  • å tilpasse aktivitetar/arbeidsvanar
  • å leggje til rette for trening i daglege gjeremål.
  • å trene finmotoriske ferdigheter/handfunksjon
  • å trene kognitive ferdigheter
  • å leggje til rette omgjevnader for at den enkelte kan leve eit aktivt liv og delta i samfunnet
  • å kompensere for tap av funksjon ved til dømes formidling og tilpassing av tekniske hjelpemiddel
  • å rettleie, informere og undervise

 

Kva skjer vidare?

Rehabiliteringsavdelinga behandlar søknadane etter kvart, og gjer ei fagleg vurdering av behovet ditt for ergoterapi.

Kriterium for prioritering av behandling 

Ved skriftlege tilvisingar sender vi brev tilbake innan 14 dagar med melding om ventetid.

 

Kva kostar tenesta?

 

Tenesta er gratis

 

Kontakt

May Britt Savland
ergoterapeut
Telefon: 56 57 55 87
Mobil: 415 23 982