Fysioterapi

Fysioterapi inngår som ein del av kommunen sitt tverrfaglege habiliterings- og rehabiliteringstilbod.

Fysioterapi blir gjeve i samband med førebyggjande og helsefremjande helsearbeid og ved behandling av sjukdom eller skade.

Tenesta er organisert i ein kommunal og ein privat del.

  • Dei kommunale fysioterapeutane held til på Luranetunet.
  • Privat fysioterapi er i hovudsak knytt til fysikalske institutt.

Kven kan søkja?

  • Barn som treng behandling / oppfølging av fysioterapeut
  • Vaksne som har behov for behandling / opptrening etter sjukdom, skade eller ved kroniske lidingar

Tenesta er retta mot barn og vaksne som bur eller oppheld seg i kommunen.

Du kan motta tenesta anten du bur heime eller på institusjon. Bur du heime og ikkje er i stand til å oppsøkje eit fysikalsk instiutt, kan du få tilbod om at behandlinga skal skje i heimen.

Søk om kommunal fysioterapeut

Skjema for søknad om ergo- eller fysioterapi for barn.

Skjema for søkna om ergo- eller fysioterapi for vaksne.

Kva kan vi tilby?

  • •Undersøking og vurdering
  • •Behandling og oppfølging
  • •Gruppetrening
  • •Rettleiing av pasient, personale eller pårørande
  • •Formidling av tekniske hjelpemiddel
  • •Trening i terapibasseng

Kva kostar tenesta?

  • Vaksne og barn over 12 år må betala eigendel inntil ein har nådd beløpsgrensa for frikort frå Folketrygda. Nokre diagnosar gjev rett til fri behandling.
  • Behandling og transport er gratis for barn under 12 år.
  • Trygda yter heil eller delvis stønad til dekking av utgifter til undersøking og behandling hos fysioterapeut.
  • Stønad til fysioterapi blir gjeven berre dersom fysioterapeuten har avtale om driftstilskot med kommunen.
Publisert av Sigrun Bukkholm. Sist endra 24.10.2016 16:09