Kvardagsrehabilitering

Kvardagsrehabilitering er eit tilbod til deg som har opplevd eit funksjonsfall som følgje av sjukdom eller skade. Målet er at du skal øva deg opp til å greia dei daglege gjeremåla igjen, slik at du kan bu heime og leva eit godt og aktivt liv så lenge som mogleg.

Kontaktinformasjon

  • Meir informasjon om tenesta:
    Ta kontakt med teamet for kvardagsrehabilitering, tlf. 46 86 04 40
    Alle kvardagar kl. 08.00 - 15.30
  • Søknad om tenesta:
    Bestillar- og forvaltarkontoret, tlf. 56 57 50 35

Kven kan få tilbodet?

  • Du må vera over 18 år
  • Du bur heime
  • Du har fått vanskar med daglege aktivitetar og ynskjer å trena deg opp til å meistra desse igjen
  • Du ynskjer å vera mest mogleg aktiv og sjølvstendig
  • Du er motivert

Kva kan vi tilby?

Eit tverrfagleg team samansett av fysioterapeut, ergoterapeut, sjukepleiar og heimetrenar kjem heim til deg i ein periode på fire veker og trenar på det som er viktig for deg å meistra i din kvardag. Dette kan til dømes vera påkleding, matlaging, å gå opp trappa, å køyra til butikken, å lufta hunden eller noko heilt anna. Evaluering av framgang og justering av mål vil skje undervegs.

Tilbodet om kvardagsrehabilitering er tidsavgrensa til 4 veker.

Slik søkjer du om kvardagsrehabilitering

  • Fyll ut felles søknadsskjema for helse- og omsorgstenester

  • Skriv ut skjemaet, skriv under og send skjemaet til Os kommune, Bestillar- og forvaltarkontoret, Postboks 84, 5202 Os. Du kan også levera søknadsskjema i Kommunetorget på rådhuset.

  • Det er den som treng hjelp, ev. pårørande med fullmakt, som skal skriva under søknaden. Om andre søkjer for deg, må dei leggja ved fullmakt.

Treng du meir hjelp eller rettleiing for å fylla ut søknaden?

Kva skjer vidare med søknaden?

Kva forventar vi av deg?

Du er motivert til å gjera ein innsats for å trena deg opp att, slik at du i størst mogleg grad kan klara deg sjølv i kvardagen.

Det er aldri for seint å byrja å trena og vera aktiv. Ein 80-åring er like trenbar som ein 30-åring.

Kva kostar tenesta?

Tilbodet er gratis.