Kva vi kan tilby - og kven tilbodet er meint for
Ordinært korttidsopphald
- Personar med behov for kartlegging av helsetilstand og funksjon/hjelpebehov .
- Personar som treng opptrening for å kunna få tilbake tapte funksjonar og koma attende til eigen heim.
Tilbodet kan vera rullerande.
Avlastingsopphald
- Personar med behov for hjelp, der pårørande har store omsorgsoppgåver.
- Målet er å avlasta dei pårørande, slik at vedkomande som treng hjelp, kan bu lengst mogleg heime og dermed utsetja innlegging i institusjon.
Tilbodet kan vera rullerande
Rehabiliteringsopphald
- Personar med varig funksjonssvikt eller brått fall i funksjonsnivå, og som vil ha nytte av eit intensivt og tverrfagleg tilbod i institusjon.
Slik søkjer du om korttidsopphald
- Dersom det er andre som søkjer for deg, må du leggja ved fullmakt
- Du må leggja ved legeerklæring om helsetilstand og behov for tenesta
- Fyll ut felles søknadsskjema for helse- og omsorgstenester.
- Sriv ut skjemaet, skriv under og send skjemaet til Os kommune, bestillar- og forvaltarkontoret, Postboks 84, 52002 Os
- Det er den som treng hjelp, ev. pårørande med fullmakt, som skal skriva under søknaden
Treng du meir hjelp eller rettleiing for å fylla ut søknaden?
Kva skjer vidare med søknaden?
Kva kostar tenesta?
For korttidsopphald inntil 60 døgn i institusjon betalar ein døgnpris. Korttidsopphald utover 60 døgn og langtidsopphald vert rekna ut etter inntekt, der forskrift for eigenbetaling gjeld.
Forskrift om egenandel for kommunale helse- og omsorgstenester
Avlastingsopphald er gratis.
Ansvarlege einingar
- Kartlegging, sakshandsaming, vedtak og forvaltning: Bestillar- og forvaltarkontoret
- Opphaldet: Pleie og omsorg