Behandlingsavdelinga

Kontakt- og annan informasjon

  • Besøksadresse:  Luranetunet, Behandlingsavdelinga, Vestre Lurane 3, OS 
  • Kontakttelefon: 909 41 382
  • Avdelingsleiar: Kari B. Johnsen
  • Vaktromtelefon: 960 97 060
  • Pasienttelefon: 950 30 992
  • Medisinsk ansvarlege på korttidsavdelinga: Maren Nygard og Bjørn-Petter Johannessen, tlf. 960 97 060, legevisitt: måndag, onsdag og fredag
  • Sjukeheimslege på langtidsgruppa: Bjørn-Petter Johannessen, tlf. 960 97 060, legevisitt: tysdag

Tid for besøk

Besøkande er alltid velkomne. Avdelinga har ingen faste visitt-tider.

Kva kan vi tilby?

Avdelinga har 26 plassar

  • 16 korttids-/avlastingsplassar
  • 2 øyeblikkeleg hjelp-senger
  • 8 langtidsplassar

I Behandlingsavdelinga vil pasienten få jamleg legetilsyn for optimal symptomlindring og tilpassa pleie og omsorg. Avdelinga har god døgndekning med sjukepleiarar og høg fagleg kompetanse mellom anna innan kreftomsorg og  lindrande behandling.

Kven får plass i behandlingsavdelinga?

Pasientar med behov for opptrening og vidare behandling etter sjukehusopphald, heimebuande med behov for opptrening, rehabilitering, avlastning eller enkel utredning, Avdelinga har også palliative senger for dei med behov for lindrande behandling. For øyeblikkeleg hjelp-sengene gjeld eigne kriterium.

Søk om opphald på sjukeheim / omsorgsbustad

 

Kva kostar tenesta?

For korttidsopphald inntil 60 døgn i institusjon betaler ein døgnpris. Korttidsopphald  utover 60 døgn og langtidsopphald vert rekna ut etter inntekt der forskrift for eigenbetaling  gjeld.

Avlastingsopphald er gratis.