Det er i hovudsak bestillar- og forvaltarkontoret i Os kommune som handsamar søknadane til dei ulike helse- og omsorgstenestene, og som hentar inn dei opplysningane som er nødvendige for å avgjera saka.

Det er den som treng hjelp, eventuelt pårørande med fullmakt, som skal skrive under søknaden.

Grunnlag for klage: at du ikkje har fått den tenesta du ønsker, tilhøve ved tenesta som du ikkje er fornøgd med og saksbehandlinga.