Handsaming av søknad helse- og omsorgstenester

Det er i hovudsak bestillar- og forvaltarkontoret i Os kommune som handsamar søknadane til dei ulike helse- og omsorgstenestene, og som hentar inn dei opplysningane som er nødvendige for å avgjera saka.

  1. Kommunen skal behandla saka så snart som mogeleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan ein månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Samstundes vil du få opplyst om når ein ventar at vedtaket blir gjort.
     
  2. For å forsikra oss om at du får det tilbodet som passar best for deg, kjem vi til vanleg på heimebesøk. Vi gjer avtale om heimebesøk med deg, eller han/ho du har gjeve fullmakt.
     
  3. Deretter blir det gjort eit vedtak. I vedtaket går det fram om du har fått tenesta eller ikkje, og kva tenesta eventuelt dekkjer.
    Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom vi trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å venda deg til kommunen før klagefristen for vedtaket går ut.

     
  4. Vi gjer merksam på at det kan vera ventetid på nokre av tenestene våre, avhengig av om vi har ledig kapasitet på det du søkjer om eller ikkje.

Kontakt

Bestillar- og forvaltarkontoret
Postboks 84
Telefon: 5202 Os