Innsyn / registrering av opplysningar helse- og omsorgstenester


IPLOS

Nokre av opplysningane du gjev i søknaden, vil bli registrert etter ein eigen standard og sendt anonymt til eit sentralt register kalla IPLOS. Her blir opplysningar om søkjarar og mottakarar av pleie- og omsorgstenester oppbevart. Registeret skal brukast til statistikk og forsking.

Opplysningane skal følgje din journal, og berre dei som treng det i sitt arbeid skal ha tilgang til opplysningane. Innhentinga av opplysningane til IPLOS- registreringa er godkjend av Datatilsynet.

Ved å skriva under på søknadsskjemaet godkjenner du at opplysningane vert registerte i IPLOS-registeret. Viss du ikkje vil at din/dine diagnosar vert registrerte her, må du ta kontakt med Bestillar- og forvaltarkontoret.

Helsedirektoratet: Informasjon om IPLOS-registeret
 

Pasientjournal

Os kommune lagrar all innhenta informasjon om brukarane i ein elektronisk pasientjournal. Denne er konfidensiell. Du som brukar har rett til innsyn i denne journalen.
 

Teieplikt

Alle opplysningane vert handsama konfidensielt

Kontakt

Birgit Nora Holsen
Birgit Nora Holsen
leiar
Telefon: 56 57 50 35
Mobil: 916 54 099