Offentleg tannlege

Alle har rett til gratis tannhelsetenester (med unntak av tannregulering) hos offentleg tannlege ut det året dei fyller 18. 19- og 20-åringar må betale 25 prosent av kostnadane.

Hordaland fylkeskommune har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta i alle kommunar i Hordaland.
Os tannklinikk er den offentlege tannlegen i Os kommune. 

Kontaktinformasjon

Os tannklinikk, Brugata 28, postboks 264, 5203 Os.
Opningstid mandag-fredag 08:00 - 15:30
Telefon: 56 57 03 50.

Les meir om tannhelsetenesta på fylkeskommunen sine nettsider.

Kontakt tannlegevakta ved behov for akutt hjelp

Alle som bur eller oppheld seg i Bergen og omkringliggjande kommunar, og som har ein akutt skade eller behov for å stanse smerte, kan få hjelp på tannlegevakta i Solheimsgaten på Danmarksplass i Bergen. 
Les meir om tannlegevakta