Vil du hjelpe oss å arrangere stortingsval? Vi treng valmedarbeidarar.

val - Klikk for stort bileteval Det er stortings- og sametingsval måndag 11. september.  Os kommune treng valmedarbeidarar til å jobbe i røystelokala på valdagen. Valmedarbeidaren tar i mot røyster, rettleier veljarar og gjer andre, praktiske oppgåver.

Du må vere ansvarleg, serviceinnstilt og over 18 år. I år har vi elektronisk mantal. Vi gir opplæring, men føreset grunnleggande IKT-forståing. Du får dekte skyssutgifter og godtgjersle etter kommunale satsar for folkevalde.

Kontakt Gunvor Heggland på politikar@os-ho.kommune.no eller 56 57 50 20