Borgarleg vigsel

Kommunen har ansvar for borgarleg vigsel i Os. Fyll ut Skjema for bestilling av vigsel

Sjekkliste for borgarleg vigsel, sjå Skatteetaten

 

Viktig melding til dei som skal gifte seg i sommar!

Grunna ferieavvikling må dei som skal gifte seg i veke 28 til 32 hugse å sende inn alle papir (bestilling av vigsel og prøvingsattest) seinast i veke 27. 

Kven kan gifte seg i Os kommune?

Borgarleg vigsel er eit tilbod til alle som bur i Os kommune. Dette gjeld sjølv om du for tida er busett i utlandet.

Os kommune tilbyr vigsel på Rådhuset torsdag og fredag mellom klokka 12 og 15. Dersom de ønsker vigsel til andre tidspunkt eller anna stad, må de sjølve avtale dette med vigslar.

Tilbodet er gratis dersom de giftar dykk innanfor ordinær tid og vigselen er på Rådhuset. Vigsel utanfor Rådhuset og/eller ordinær tid koster kr. 1500,-  

Kven kan vigsle?

Frå 1. januar 2018 har ordførar, varaordførar, rådmann, kommunalsjefar og fleire folkevalde i Os kommune mynde til å vie brurepar. Her er ei oversikt over alle som har mynde til å vie.

Vilkår for vigsel

Det er visse vilkår i ekteskapslova som må vere oppfylte for at ein skal kunne gifte seg.

Ekteskapslova

Forskrift om registrering og melding av vigsel

Forskrift om kommunale vigsler

Dette må de sende inn før vigselen

Før de gifter dykk, må Skatteetaten sjekke om de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap. Det vil seie at de må sende inn ein del papir. Behandlingstida er to-tre veker, så ver ute i god tid før bryllaupet:

  • Eigenerklæring
  • Forlovarerklæring
  • Erklæring om skifte dersom du har vore gift før
  • Melding om endring av namn dersom du skal bytte namn

Alle desse skjema får du hos Skatteetaten.

Skatteetaten skriv ut ein såkalla prøvingsattest, som viser at de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap.

Etter at de har fått prøvingsattesten heim i posten, kan de bestille vigsel hos Os kommune.
Dette gjer de ved at begge personar som skal gifte seg sendar inn digitalt bestillingsskjema: 
"Skjema for bestilling av vigsel"

Prøvingsattesten må ikkje vere eldre enn fire månader ved vigsel. 

  • De må ha to vitne, og dei må vere til stades under seremonien. Vitna er gjerne forlovarane.
  • Brurepar og vitne/forlovarar må ha gyldig legitimasjon til vigselen. Vi godtar gyldig pass, norske førarkort og bankkort med bilete og personnummer. 

Spesielt for utanlandske statsborgar: Alle utanlandske statsborgarar må dokumentere lovleg opphald i Norge på vigselstidspunktet, og sende oss/levere prøvingsattest seinast ein dag før vigselen. Dette gjeld ikkje for nordiske borgarar. Vi kan utføre vigselen på engelsk, dersom dette er avtalt på førehand. 

Slik er seremonien

Vi tilbyr eit høveleg lokale i Os rådhus. Dersom de ønskjer å ha fleire enn 10-15 gjester til stades ved sjølve vigselen, anbefaler vi dykk å bestille eit anna lokale.

Møt opp i god tid før avtalt tid for vigsel. Vi har sett av om lag 15 minutt til kvart par. 
Vigslaren les "Det borgarlege vigslingsformularet". Deretter spør vigslaren dykk om de vil ha kvarandre til ektefeller. Til slutt underteiknar de, vitna og vigslaren vigselsprotokollen.

Kommunen sender deretter ei vigselmelding til Folkeregisteret innan tre dagar etter bryllaupet, med kopi til dykk. Denne er fungerer som vigselattest fram til de får den endelege frå Folkeregisteret. 

Kunstnarlege innslag

Dersom de ønskjer kunstnarlege innslag under seremonien, til dømes musikk eller diktlesing, må dette spesifiserast i "Skjema for bestilling av vigsel". Os kommune vil vurdere om innslaget kan inkluderast. 

Slik tar du kontakt

Har du spørsmål kan du ta kontakt med oss på e-post: vigsel@os-ho.kommune.no eller ringe kultureininga direkte på telefon 56 57 52 54.

Kontakt

Informasjon om borgarleg vigsel
Os kommune