Kulturminnevern

Alle kulturminne frå 1650 eller tidlegare er automatisk freda etter kulturminnelova. Kulturminne i sjø er automatisk freda frå dei er 100 år. Einskilde bygg eller bygningsmiljø kan fredast etter særskilte vedtak.

På Riksantikvarens nettstad Kulturminnesøk kan du søke og få oversikt over dei registrerte kulturminna i Os, til dømes gravrøyser, bautasteinar, ruinar, bygningar og skipsvrak. Her kan du òg sjå kva for bygningar og stader som er freda og verna.

Kultureininga kan hjelpe til eller formidle hjelp i faglege spørsmål som gjeld kulturminne. Kultureininga skal vurdere alle søknader om riveløyve eller fasadeendring for bygningar frå før 1920. Søknadar må ofte sendast vidare til Fylkeskonservator eller Riksantikvaren for uttale. Du må difor rekna med ei lengre sakshandsamingstid i slike tilfelle.

Har du eit krigsminne?

Kultureininga i Os kommune er i gang med å lage ein ny kulturminneplan, med særleg fokus på krigsminne.
Har du eller nokon du kjenner minne frå krigens dagar? Vi vil gjerne høyre om både plassar, bygg og historier knytt til andre verdskrigen i Os.

Ta kontakt med oss på ogj@os-ho.kommune.no eller telefon 56 57 52 22.

Kontakt

Lisbeth Lunde Axelsen
Lisbeth Lunde Axelsen
kultursjef
Telefon: 56 57 52 07
Mobil: 950 89 833