Dans og drama

Dans- og dramalina ved Os kulturskule er eit tilbod til barn og unge frå 7 år. 

Slik skjer undervisninga

Basegrupper: Elevane blir delte inn i basegrupper med barn og unge på same alder. Denne gruppa høyrer dei til gjennom heile løpet i kulturskulen. Nye elevar er alltid velkomne, uavhengig av tidlegare erfaring, så lenge basegruppa ikkje er full.
I basegruppene vil elevane ta del i og utforske fleire danse- og dramateknikkar, som: 

  • Moderne dans/samtidsdans
  • Jazzdans
  • Samtidsballett
  • Street dance
  • Latinodans/folkedans
  • Improvisasjon/kontaktimprovisasjon
  • Danseteater
  • Drama og teater
     

Fordjupingsfag: Frå fylte 12 år kan elevar som ønskjer å danse meir, fordjupe seg i følgjande fag:

  • Street dance (22 plassar): Alle kan søkje. 
  • Samtidsballett (22 plassar): Alle kan søkje.
  • Moderne dans/samtidsdans (15 plassar): Dei over 14 år kan søkje. Pedagogane tildeler plass.
  • Danseteater (8 plassar): Internt opptak. Elevar frå moderne dans/samtidsdans får tilbod om plass frå pedagogar

Lærar

Dans- og dramalina har to pedagogar: Patricia Langeland og Julia Agate Erstad Bergesen. 

Pedagogane satsar på mangfald og breidde i undervisninga. Elevane skal få tid til å vere kreative, både åleine og i grupper. Dei tar eigne val og presenterer eigne tolkningar. Undervisninga er prosessbasert, kor elevane tileigner seg forståing kring ulike tema. Desse prosessane endar i ein eller fleire produksjonar årleg, kor elevane får presentere det dei har utforska og lært.

Tid og stad

Oseana kunst- og kultursenter.
Eleven får beskjed om tidspunkt for undervisninga i eit eige skriv. 

Prisar og praktisk informasjon

 

Slik søkjer du om plass

Søk på elektronisk søknadsskjema

Kontakt

Christian  Breistein
Christian Breistein
Rektor Os kulturskule
Telefon: 56 57 52 48
Mobil: 977 77 341