Informasjon om opptak i Os og Fusa kulturskular hausten 2017

 Informasjon om oppstart i haust vil bli sendt ut seinast 28. juni.

I Os kulturskule har vi diverre ventelister på dei fleste faga. Vi vil ta opp elevar frå ventelistene etter kvart som det vert ledige plassar.

I nybegynnarklassen i dans har vi berre tatt opp elevar som er sju år. Dei som er yngre enn sju år, må vente til neste år før dei får plass.

Søknadsfrist for Musikk fra livets begynnelse er sett til 14. august. dei som har søkt dette kurset vil få svar på søknaden etter dette. Kursstart er onsdag 23. august.

I Fusa kulturskule er det framleis ledige plassar på dans. Søk om plass i Fusa kulturskule.