Musikk fra livets begynnelse

"Musikk fra livets begynnelse" er eit tilbod til barn 0-3 år og deira foreldre. På timane syng, dansar, leikar og spelar barn og vaksne saman.

Om tilbodet

Evna til å oppleva og uttrykka musikk er medfødd. Små barn reagerer tydeleg positivt på foreldra og andre omsorgspersonar sin song. Musikalsk samvær styrkar det nære samspelet mellom barn og vaksne.

På timane syng,dansar, leikar og spelar barn og vaksne saman. Vi brukar både nye og gamle songar, rim og regler.

Vi ønskjer at barna skal få gode musikalske opplevingar, og få uttrykka seg gjennom song og musikk. Musikalsk aktivitet er positivt for barnet si utvikling òg på ei rekkje andre område.

Det er ingen krav til musikalske ferdigheiter hos foreldra - her handlar det om å dela gode musikalske opplevingar saman.

Musikk fra livets begynnelse (MLB)

MLB er ein landsomfattande musikkfagleg organisasjon med fokus på musikk med barn 0-6 år. Hovudmålet er at barn skal få eit aktivt og positivt forhold til levande musikk.

Meir informasjon om organisasjonen finn du på www.musikkfralivetsbegynnelse.no

Lærar

June Strønen.

Tid og stad

Oseana kunst- og kultursenter.

Prisar og praktisk informasjon

Søknadsfrist: 1. januar for vårsemesteret og 15. august for haustsemesteret.

Slik søkjer du om plass

Søk på elektronisk søknadsskjema

Kontakt

Christian  Breistein
Christian Breistein
Rektor Os kulturskule
Telefon: 56 57 52 48
Mobil: 977 77 341