Musikkbarnehage

Musikkbarnehage er eit tilbod til barn i alderen 4 til 6 år (fram til skulealder). 

I timane får barna utfalde seg innan song, leik, instrument, dans, rytmikk-bevegelse og drama. 
Vi syng både nye og gamle songar, lærer rim og regler - og songane syng vi helst med bevegelse til.

Barna får prøve seg på ulike rytmeinstrument, alt frå tromme til maracas. Vi dansar og gjer ulike dramaøvingar.

Målet med undervisninga er at små barn skal utvikle eit positivt forhold til musikk gjennom song, dans og drama. Vi har to musikkbarnehagegrupper i kulturskulen, med maksimalt 12 barn i kvar gruppe.

Tilbodet passar for alle barn.

Tid og stad

Onsdag ettermiddag (eleven får nærmare informasjon om tidspunkt i eige skriv), Oseana kunst- og kultursenter.

Lærar

Janie Forestad Laupsa.

Prisar og praktisk informasjon

Slik søkjer du om plass

Søk på elektronisk søknadsskjema