Prisar og informasjon om Os kulturskule

Kulturskulen underviser barn og unge frå 0 til 18 år i musikk, song, dans og drama. Hausten 2018 skiftar vi namn til Bjørnafjorden kulturskule.

Prisar per semester

Individuell musikkopplæring:                                                      kr 1380,-

Storgruppe 60 min. (musikk, dans, musikk frå første stund): kr 1125,-

Storgruppe (90 min.):                                                                    kr 1380,-

Instrumentleige:                                                                              kr 510,-

Musikk fra livets begynnelse har frå hausten 2018 bytta namn til Musikk frå første stund. Musikkarusellen bytter samstundes namn til kulturkarusellen.

Vi tar atterhald om endring i prisane. Rekning for skulepengar kjem på faktura saman med andre kommunale avgifter i mars og oktober.

Skulerute

Os kulturskule følgjer felles skulerute for skulane i Os, med eit haust- og vårsemester på fem månader kvar. Skuleåret er på til saman 10 månader. 

Sjå skulerute for kulturskulen

Instrument, lærebøker, notar og anna utstyr

  • Eleven betaler sjølv for notar og anna undervisningsmateriell. Oftast bestiller kulturskulen inn materiell, og fakturerer for dette saman med elevbetalinga.
  • Det er mogleg å leige enkelte instrument gjennom kulturskulen. Leige kostar kr 510,- per semester. Dersom instrumentet blir skadd ved aktløyse, må eleven betale reparasjon eller innkjøp av nytt instrument.
  • Elevar som får undervisning i piano, keyboard og gitar, må ha tilgang til desse instrumenta heime.

Søknadsfrist

  • 1. april. Eksisterande elevar må registrere seg på nytt før kvart skuleår. 

Sjukdom og fråvær

  • Kulturskulen prøver å skaffe vikar dersom læraren blir sjuk. Om undervisninga må avlysast, vil vi prøve å varsle eleven heime eller på skulen. Dersom undervisninga må avlysast meir enn to gonger på eit halvt år, vil de få tilbakebetalt for alt over to gonger.
  • Dersom eleven ikkje kan møte til timen, må han eller ho melde frå til skulen eller læraren. Timar eleven ikkje møter opp til, blir ikkje erstatta.
  • Elevar med mykje fråvær vil bli oppmoda om å gje frå seg plassen til andre før neste semester tek til.
  • Elevar kan få permisjon frå plassen i kulturskulen i inntil eitt år, men må gje beskjed om dei skal halde fram eller ikkje innan søknadsfristen neste skuleår .

Oppseiing

Dersom ein seier opp plassen innan 1. oktober for haustsemesteret eller 1. mars for vårsemesteret, betaler ein berre fram til oppseiing. Om ein melder frå etter fristen må ein betale for heile semesteret ein er inne i.

Venteliste

Dei som ikkje får plass blir registrert på venteliste. Dersom det er stor pågang til eitt fag blir søkjarane prioriterte etter følgjande kriterier:

  • Talet på semester søkjaren har vore elev i kulturskulen
  • Dato for første søknad til kulturskulen
  • Søkjar sin alder, bustad og timeplan

Dersom to eller fleire elevar stiller likt etter dette, blir det loddtrekking. Alle som står på venteliste må registrere seg på nytt innan 1. april kvart år.

Slik søkjer du

Søk om plass i Os kulturskule (elektronisk søknad)

Kontakt

Christian  Breistein
Christian Breistein
rektor
Telefon: 56 57 52 48
Mobil: 977 77 341