Søk tilskot til kultur

Lag, organisasjonar og enkeltutøvarar innan kunst, kultur, idrett og friluftsliv kan søkje om økonomisk støtte frå Os kommune, Hordaland fylkeskommune og andre. Os kommune har to ulike tilskotsordningar for kulturarbeid: kulturmidlar og KUP-midlar. 

Reglar for tilskotsordningar for frivillige lag i Os (PDF, 2 MB), vedtekne i Os kommunestyre 22. februar 2011.

Korleis finne fram?


Os kommune tilbyr tenesten Tilskuddsportalen til sine tilsette, lokale lag og foreiningar. Tilskuddsportalen er eit verktøy for deg som vil jobbe meir effektivt og lykkast bedre i å vinne tilskot til dine prosjekt. Her finn du oversikt over økonomiske støtteordningar som ditt lag eller organisasjon kan søke på. Du må tasta inn organisasjonsnummeret for å få tilgang.

Dersom du har eit lag eller ein organisasjon som ikkje er registrert i Brønnøysundregistrene, kan du kontakte kultureininga i Os kommune for å få tilgong til å logge deg på.
 

Kulturmidlar frå Os kommune


Kulturmidlar er tilskot til dagleg drift. Lag og organisasjonar i Os kan søke kommunen om tilskot til drift innan desse områda:

  • Idrett og friluftsliv
  • Kunstnarleg utfalding
  • Barne- og ungdomsarbeid og generelt kulturarbeid

Barn og unge under 25 år skal prioriterast ved fordeling av midlane. Idrettsrådet, saman med valde representantar frå dei tre områda, går gjennom søknadene frå laga og gjer ei innstilling til kultursjefen. Kultursjefen gjer vedtak om tilskot eller avslag på søknad.

Søk kulturmidlar her

Søk elektronisk innan 1. mars.

Legg ved årsmelding, rekneskap og plan for neste års drift.
 

KUP-midlar (kulturelt utviklingsprogram)

KUP-midlar er tilskot til spesielle tiltak eller prosjekt. Føremålet med KUP Os er å stimulera kultur- og idrettsmiljøet i kommunen gjennom å gje støtte til særskilte arrangement eller prosjekt, til dømes festivalar, teaterframsyningar og andre produksjonar.

Både lag og enkeltpersonar kan søke. Tiltak for barn og unge vert prioriterte. Du får prosjektmidlar for eitt år om gongen. Kommunen vil kreve rapportering og rekneskap for dei tildelte midla.

Slik søkjer du om KUP-midlar

Søk KUP-midlar elektronisk innan 1. mars

Legg ved ei tydeleg skildring av tiltaket du søkjer for, føremål, organisering, budsjett og kva for sum du søkjer om. 

Du kan også søke KUP-midlar frå Hordaland fylkeskommune. Tilskot til prosjekt frå 1-3 år innan kunst, kultur og kunnskapsutvikling, idrett og friluftsliv.


Den kulturelle spaserstokken


Den kulturelle spaserstokken er ei nasjonal kultursatsing som har som mål å sørge for:

  • profesjonell kunst- og kulturformidling av høg kvalitet til eldre
  • å la gode kunst- og kulturprosjekt for eldre lokalt bli utvikla innafor eit mangfald av sjangrar og uttrykk
  • å leggje til rette for auka samarbeid mellom kultursektoren og omsorgssektoren.  
  • Den kulturelle spaserstokken blir finansiert av Helse- og omsorgsdepartementet og Kulturdepartementet i fellesskap.

    Det er i 2017 sett av 30,8 millionar kroner på budsjettet til den kulturelle spaserstokken. Desse midlane blir gitt til fylkeskommunane og fordelt vidare til kommunane etter søknad. Les meir på Hordaland fylkeskommune sine sider.

    Kven er tilbodet meint for?

  • Bebuarar ved Luranetunet
  • Bebuarar i kommunale trygdebustader
  • Brukarar av Oshaugen og Nyhagen dagsenter
  • Andre eldre som av ulike grunnar ikkje har lett for å oppsøkja kulturtilbod på eiga hand

Kven kan søkja om tilskot?

  • Frivillige lag kan søkja om støtte til kulturarrangement for eldre
  • Utøvande kunstnarar kan søkja om utviklingsmidlar til prosjekt for eldre

Slik søkjer du

Søk elektronisk via følgjande søknadsskjema: Den kulturelle spaserstokken - søknad om midlar 2017

Søknadsfrist: 8. februar 2017

Eventuelle spørsmål kan rettast til aktivitetskoordinator, sjå kontaktinformasjon i margen.

Lotteri- og stiftelsestilsynet skal fordele 1,3 milliard kroner i momskompensasjon til frivillige lag og organisasjonar i 2017.

 

Kontakt

Grete Byrkjeland
Grete Byrkjeland
aktivitetskoordinator
Telefon: 56 57 51 38
Mobil: 948 53 607