Kulturelt utviklingsprogram (KUP) Os kommune

KUP-midlar er tilskot til tiltak eller prosjekt i Os kommune som t.d festivalar, kultur- og idrettsarrangement, produksjonar og utviklingstiltak. 

Føremålet med KUP-midlar er å stimulere til ny og auka aktivitet innan kultur- og idrettsmiljøet i kommune.

Kven kan søke?

  • Både lag, organisasjonar og enkeltpersonar kan søke om KUP-midlar 
  • Du kan søke tilskot til prosjekt innan kunst, kultur og kunnskapsutvikling, eller idrett og friluftsliv 

Vilkår

  • Tiltak for barn og unge opp til 25 år vert prioriterte 
  • Kommunen vil kreve rapportering og rekneskap for dei tildelte midlane
  • Legg ved ei tydeleg skildring av tiltaket du søker for, føremål, organisering, budsjett og kva for sum du søker om.
  • Du får tilskot for eitt år om gongen

Slik søker du

Du søker på elektronisk søknadsskjemaSøknadsfrist er 1. mars.

Kontakt

Lisbeth Lunde Axelsen
Lisbeth Lunde Axelsen
kultursjef
Telefon: 56 57 52 07
Mobil: 950 89 833