Bli med i Sykle til jobben!

Sykle_til_jobben_1 - Klikk for stort bilete Når Os kommune er med på aksjonen Sykle til jobben, er det gratis for alle i kommunen å bli med!

Sykle til jobben varer 60 dagar frå etter påske og til sommarferien. Det er eit mål å komme i betre form, men Sykle til jobben er også eit sosialt tiltak for dei tilsette. Det er premiar for både lag og enkeltdeltakarar, med trekningar kvar veke. Du kan altså vise Jensen på rekneskap kva du er god for, men det er først og fremst deg sjølv du syklar mot!

Deltakarane loggfører aktiviteten sin i appar, eller på Sykle til jobben si nettside. Meir aktivitet gir fleire poeng, som gjer sannsynet høgare for å vinne premiar i tilfeldig trekning. For å få med flest mogleg i aksjonen, går det ikkje an å få meir enn tre poeng per dag. Du treng altså ikkje vere treningsfrikar for å hevde deg!

Du kan melde deg på allereie no på aksjonen si nettside.

Vanlege spørsmål om Sykle til jobben

Kva tid startar Sykle til jobben?

Aksjonen varer i 60 dagar frå 19. april. Det blir ein fin måte å nyte våren på! Påmeldinga er open på sykletiljobben.no.

Kor mykje kostar det å delta?

Ikkje ei krone om du bur i Os kommune.

Korleis vinn eg premiar?

Før 1. mai kan du vinne ein sykkel i vervepremie. Verv minst tre personar til aksjonen, og bli med i trekninga.

Under konkurransen er det nasjonal premietrekning kvar veke. Det er tilfeldig trekning der kvart poeng tel. Fleire poeng aukar altså vinnarsjansane dine.

I tillegg kjem den lokale aksjonskomiteen til å stå på for å få lokale bedrifter til å bidra i premiepotten.

Kva er premiane?

Premiane er ikkje klare ennå, men tidlegare har det våre både syklar og utanlandsturar på lista over nasjonale premiar.

Dei lokale "bonuspremiane" kjem an på oppslutninga frå lokale bedrifter.

Korleis får eg poeng?

Du får eitt poeng for 30 minutt i aktivitet, også på fritida.

  • Minst 30 minutt med fysisk aktivitet gir eitt poeng.
  • Minst 90 minutt med fysisk aktivitet gir tre poeng.
  • Du kan maks få tre poeng per dag. Dette gjelder både for laget og for enkeltpersoner.

Desse aktivitetane får du eitt poeng for sjølv om dei er mindre enn 30 minutt:

  • Sykle til jobben
  • Elsykkel
  • Gå til jobben
  • Løpe til jobben
  • Aktiv reiseveg (for eksempel gå til butikken. Strekninger der du kunne tatt bil.)
Er det berre sykling som gir poeng?

Nei, du får poeng for all fysisk aktivitet, også etter arbeidstid. Du kan altså gå tur med bikkja, ta ein skitur på hytta, sykle om kapp med naboen. Alt du gjer av aktivitet kan du registrere i aksjonen.

Kvifor får eg maks tre poeng per dag?

Det er for å inkludere flest mogleg. Ved å gi maks tre poeng, kan ikkje supermosjonistane stikke av med alle premiane.

Dei aller fleste greier 90 minutt med aktivitet kvar dag, og kan dermed få tre poeng ganske lett. Hugs at det er meir kvardagsaktivitet over lengre tid som gir helsevinst!

Korleis loggfører eg aktivitetar?

Sykling kan du logge automatisk med appane Endomondo og Strava. Andre aktivitetar må du registrere manuelt på sykletiljobben.no.

Kan eg danne lag med kollegaar?

Ja, du kan lage ditt eige lag, anten sammen med kollegaer eller venner. Turgruppe, sykkelgruppe, sage-ned-treet-til-naboen-gruppe er lov. Det er lov med inntil fem personar på eitt lag.

 

Nyheiter om aksjonen

Stadaas_ringer_Foto-Erlend_A

Os kommune slengte med leppa før årets Sykle til jobben-aksjon. No svarar Askøy og Fjell på utfordringa og nye, dryge karakteristikkar.

Arealplanleggjar og primus sykkelmotor Arne-Richard Stadaas

Når Os kommune no hiv seg på aksjonen Sykle til jobben, er det gratis for alle i kommunen å bli med! Vi oppmodar altså eigne tilsette om å ta til sykkelsetet, men også alle andre i Os. Faktisk utfordrar vi dykk!