Torsdagsklubben

Aktiv, sosial og inkluderande møtestad for menneske med nedsett funksjonsevne. Vi møtast annankvar torsdag i Kløvertun, men reiser ofte på tur og besøk rundt om i Os og nabokommunane.  
Klubben har 57 medlemmar, inkludert nokre frå Tysnes kommune.

Sjå Torsdagsklubben sitt program for våren 2019 (PDF, 675 kB)

Døme på aktivitetar

  • Dags- og helgeturar i Os og nabokommunane.
  • Besøk hos organisasjonar og bedrifter i nærområdet.
  • Hagebesøk med grilling og musikk hos osingar med fine hagar.
  • Torsdagsklubben arrangerer konsertar i Kløvertun, Varafjell ressurssenter, på hagefestar, Kuhnletunet og Oseana kunst- og kultursenter.
  • Stor basar i Kløvertun ein gong i året.
  • Gardsbesøk
  • Førstehjelpskurs
  • Kunstnariske aktivitetar
  • Jole- og påskeverkstad
  • Rebusløp, bowling, ringdans, sittedans, karneval, julebord og mykje, mykje meir

Torsdagsklubben er sjølvsagt hjarteleg til stades i 17. mai-toget på Os.

Mål for Torsdagsklubben

  • Å vere ein trygg sosial arena.
  • Å auke sosiale ferdigheiter.
  • Å skape samhald.
  • Å integrere den enkelte i lokalsamfunnet.
  • Medverknad.
  • Å gje medlemmane ansvar for drift av eigen klubb.
  • Å skape ein felles arena for tenesteytarar.

Kontakt

Bente Borghild Hauge
Bente Borghild Hauge
Fritidsleiar for utviklingshemma
Telefon: 56 57 52 56
Mobil: 988 34 751