Fritidstilbod for utviklingshemma

Alle treng og ønskjer ei aktiv og meiningsfull fritid. Os kommune sitt mål er å gje alle ein kultur- og fritidsarena som er tilgjengeleg og inkluderande.
 

Torsdagsklubben

Aktiv, sosial og inkluderande møtestad for menneske med utviklingshemming.

Gøy med musikk

Allsidige musikkgrupper på Kuhnletunet dagsenter. Musikkterapi på sitt beste!

Søndagssamling i Kyrkjetunet

Kontaktperson: Sokneprest Margrethe Holmboe Askeland, telefon 56 57 24 05 / 979 51 006

Fotball

Stjernelaget Søre Neset: Spelar turneringar i Stjerneserien. Ope for begge kjønn.
Trening på Søre Neset idrettsplass kvar onsdag  kl. 17.00 - 18.30 og i gymsalen på Søre Neset skule kvar fredag kl. 18.00 om vinteren.

For meir informasjon, ta kontakt med Kristine B. Tikkanen på telefon 94 24 70 73.

Handball

HU Handball Os Turn: Spelar i serie og på landsturneringar. Ope for begge kjønn.
Trening i Oshallen kvar måndag kl. 19.30 - 20.30, frå skulestart til april.
For meir informasjon, ta kontakt med Andris Hamre på telefon 47 90 61 11.

Vinteraktivitetsdag på Sjusete

Ein dag i mars kvart år samlast om lag 200 deltakarar til aktivitetsløype, aking, scooterkøyring, køyring med hest og slede, mat, premiering og felles vinterglede. Arrangementet går føre seg på Sjusete i Kvam, og er eit samarbeid mellom Hordaland fylkeskommune, Kvam herad og Os kommune. Dato vil bli annonsert.

Sommaraktivitetsdag i Strandebarm

I august kvart år er det sommaraktivitetsdag i det flotte idrettsanlegget på Strandebarm i Kvam, med mellom anna boccia, ballspel og pilkast. Premiar til alle. Varm lunsj og middag. Etter lunsj kan du velja mellom bading eller musikkverkstad. Dans etter middag. Arrangementet er eit samarbeid mellom Hordaland fylkeskommune, Kvam herad og Os kommune. Dato vil bli annonsert.

 Allsidig musikktilbod for utviklingshemma vaksne eller ungdom på Kuhnletunet dagsenter.

Aktiv, sosial og inkluderande møtestad for menneske med utviklingshemming. Vi møtast annankvar torsdag i Kløvertun, men reiser ofte på tur og besøk rundt om i Os og nabokommunane.  
Klubben har 57 medlemmar, inkludert nokre frå Tysnes kommune.

Kontakt

Bente Borghild Hauge
Bente Borghild Hauge
Fritidsleiar for utviklingshemma
Telefon: 56 57 52 56
Mobil: 988 34 751