Kunst i demensomsorga

"Kunst for augneblinken" er tilrettelagde kunstopplevingar for personar med demens. Tilbodet er eit samarbeid mellom Os kommune, Oseana kunst- og kultursenter og Den kulturelle spaserstokken. 

Kunstopplevingar gjer noko med oss som menneske i alle aldrar og livsfasar.
Inspirert av erfaringar frå KODE og komponistheimar, startar Oseana kunst- og kultursenter, Os kommune og Den kulturelle spaserstokken opp kunstomvisningar for personar med demens hausten 2018. 

Slik foregår omvisninga

Omvisning i små grupper til personar med demens og deira følge. Tilbodet er gratis.
Du treng ingen forkunnskapar. Alle får sitteplass ved kunstverka, og erfarne formidlarar inviterer til open samtale der alle kan bidra med eigne tankar og assosiasjonar.

Vi avsluttar med kaffi, noko å bite i og ein hyggeleg prat.

Maks 10 deltakarar. Påmelding til evelyn@oseana.no seinast torsdag før kvar omvisning.


«Kunst kan gi adgang til felles opplevelser og være et frirom, der det er et annet språk som gjelder.
Det er noe i kunsten som kan åpne dører i oss, som ingen tidligere har klart å åpne.
For personer med demens kan kunsten virke stimulerende på hukommelsen.
Evnen til å uttrykke seg kan bedres, og følelser, tanker, drømmer og håp bli levende.»

Odd Nordheim, dagleg leiar av Stiftelsen Verdighetssenteret.