Os frivilligsentral

Frivilligsentralen er ein møteplass for menneske i alle aldrar. Det sosiale felleskapet og det levande, inkluderande nærmiljøet står i fokus - anten du treng hjelp til noko eller ønskje å hjelpa andre gjennom frivillig arbeid.

Os frivilligsentral held til i Gamle kommunehuset på Kyrkjeflaten, og organiserer ei rekke ulike aktivitetar for ulike grupper, som til dømes trilleturar for deg som er heime med små barn, dans for demente og turlag på Lurantunet. 
I tillegg held Frivilligsentralen brettspelkveldar, møteplass for etterlatte, fotokurs, malekurs og mykje anna. Du er òg hjarteleg velkomen innom for ein kopp kaffi og ein prat.

Sjå meir på Facebook-sida til Os frivilligsentral

Kontakt

Tove  Hille
Tove Hille
leiar
Telefon: 56 57 52 63
Mobil: 916 72 910