Tilskotsportalen

Meld deg på kurs i Tilskotsportalen tysdag 13. februar, kl. 18-20.

No er det enklare å finne pengar til ditt lokale prosjekt! 

Tilskuddsportalen finn du oversikt over økonomiske støtteordningar som ditt lag eller organisasjon kan søke på. Her kan du søke blant 1.500 tilskot for frivillige lag og organisasjonar. Tilbodet er gratis for alle som bur i Os sidan Os kommune er medlem av portalen. Du må taste inn organisasjonsnummer for å få tilgang.

Kven er portalen for?

For å ha tilgong til tilskuddsportalen, må laget eller organisasjonen vere registrert med organisasjonsnummer. Dersom ditt lag eller organisasjon ikkje har organisasjonsnummer, kan du kontakte kultureininga i Os kommune for å få tilgang. Enkeltpersonar kan ikkje nytte portalen.

Tilskotsportalen inneheld blant anna

• Kalender med søknadsfristar
• Katalog der tilskota er sortert på tema
• Ein nyhendeoppdatering frå forvaltarar av tilskot
• Eit verktøy for å søke direkte i databasen
• Støtte for å bli oppdatert på søknadsfristar

Dersom du har spørsmål eller får tekniske problem med innlogging kan du kontakte support: support@tilskuddsportalen.no