Forskrift om bandtvang for hund i Os kommune

Dette er reglane hundeeigarar må rette seg etter når det gjeld bandtvang og fjerning av hundeavføring.

§ 1 Utvida bandtvang

I område av komumunen der husdyr har rett til å beita og faktisk beiter, og i område der vilt som skal beskyttast har sitt leveområde, skal hundar haldast i band eller forsvarleg innestengt eller inngjerda frå 1. april til og med 30. september.    

a. Hundar skal vidare haldast i band eller forsvarleg innestengd eller inngjerda heile året i parkar, på kyrkjegardar, grav- og urnelunder, på og ved skular, barnehagar og anlegg for leik og idrett, sport eller rekreasjon.

§ 2 Unntak fra bandtvangsreglane

Bandtvangsreglane gjeld ikkje for

  1. Dressert bufehund når den vert brukt til å vakta storfe, sau, geit, fjørfe, hest eller vilt, under dette viltets egg, reir og bu.
  2. Hund i aktiv politi-, toll-, militær- og redningsteneste eller hund under trening og prøving for slik teneste.
  3. Hund i aktiv bruk som ettersøkshund etter såra, skada eller sjukt vilt.
  4. Hund når den vert brukt i jakt, jakthundtrening og jaktprøver.
  5. Hund i dressurtrening og aktiv konkurranse.
  6. Trente førarhundar i nærleiken av brukar.

§ 3 Forsøpling

I område som nemnd i § 1a skal den som eig eller har omsorg eller hand om ein hund, sørga for at hundeavføringa vert fjerna. Tilsvarande gjeld for område for offentlege badeplassar, turvegar samt i og i tilknytning til bustadområde eller handleområde. Såkalte hundeposar skal ikkje kastast i naturen eller i vegkanten.

§ 4 Straff

Brot på denne forskrifta er straffbart og kan straffast etter reglane i hundelova § 28.

Forskrift er gjeven med heimel i lov 4. juli 2003 nr. 74 om hundehald (hundelova).

Forskrift er vedtatt av Os kommunestyre på møte 15.12.09, sak 88/09.
Arkivsak: 08/1032-34