Friluftsområde og badeplassar

Friluftslivet i Os er mangfaldig og byr på perler ved både sjø, elv, skog og fjell.
Det finst mange tilrettelagde friluftsområde og badeplassar i Os. Dei fleste ligg ved sjøen og blir forvalta av 
Bergen og Omland Friluftsråd.

  • Banktjørnflaten: Tur- og fiskeområde like ved riksvegen.
  • Ervikane: Eitt av dei finaste friluftsområda i heile bergensregionen. Tur, båtliv, bading. Barnevenleg.
  • Askvikvågen: Lita badevik.
  • Oksabåsen: Populær uthamn med kai. Badefjære, turliv, telting.
  • Vetlaneset: Fint nes med barnevenleg badefjære.
  • Ullsund: Lang strandline, god hamn for småbåtar og fine badeviker. Populært blant padlarar.
  • Skeistøa: Lun badevik med sandstrand.
  • Halhjemsøy: Fin bade- og solplass. Tilkomst med eigen båt.
  • Kalneset: Populært bade- og friluftsområde. Barnevenleg. Tilkomst med eigen båt eller kajakk.
  • Kuskjeret: Fine svaberg og god badefjære for barn.
  • Ramsholmen: Tilrettelagt for rullestolbrukarar. Brygger for lett tilkomst, turvegar, overbygd grillplass. 
  • Langøysund: Strandområde med fine badefjærer. Barnevenleg.
  • Sperrevik: Liten badeplass med sti frå hovudvegen/parkeringsplass.
  • Søvikvågen: Populær og barnevenleg badeplass.
  • Stokkavik: God badefjære ved skogområde.
  • Tøsdal: Parkeringsplass for turutfart til Tøsdalsfjellet og Møsnuken og padling i Oselvvassdraget.
  • Lysøya: Eventyrleg friluftsområde med gode stiar, variert natur, fine badeplassar og Ole Bull sin villa. 
  • Eidsvika: Liten parsell som ikkje er tilrettelagt for friluftsliv.
  • Halhjemsmarka: Fint område med skog og svaberg ved drikkevasskjelda Bjørnevatnet.
  • Raudlio: Fint turområde med gode leirplassar og padlemoglegheiter.
  • Framnes: Godt utgangspunkt for padling i Oselvvassdraget.
  • Smievågen: Badefjære og turveg med lett tilkomst til svaberg og fiskeplassar.
  • Mobergsvikjo: Stort, populært og barnevenleg område med badestrand og bålplass i Os sentrum . Ligg like ved Oseana kunst- og kultursenter med kafé og kunstutstilling.
  • Skorpo: Naturskjønne svaberg og badeviker. God og populær hamn.
  • Sigurdsvika: Fin sandstrand ved Ulvenvatnet.

Allemannsretten

Alle har rett til å ferdast og opphalda seg i utmarka i Noreg. Allemannsretten er eit gratis fellesgode og ein del av vår kulturarv. Den gjev deg rett til å bruka utmarka, uavhengig av kven som er grunneigar. 
Les meir om allemannsretten hos Miljødirektoratet.