Bålbrenning i Os

Frå 15. april til 15. september er det i utgangspunktet forbode å tenna bål i skog eller utmark, med unntak av på godkjente bålplassar.

Dersom du skal brenna bål i skog eller utmark i denne perioden, må du først få godkjenning frå Os brann- og redningsvesen.

Kva reglar gjeld

Bålbrenning skal ikkje vere til sjenanse for naboar og/eller bumiljøet. Det er kun lov å brenne hageavfall som kvister, lauv og greiner. Det er ikkje lov å brenne restavfall, spesialavfall, byggmaterialer, plast eller store pappmengder.  

Usikker på regelverket?
Sjå § 3 Generelle krav til aktsomhet under innleiande bestemmelser i rettleiing til forskrift om brannførebygging, oppdatert januar 2016 av Direktoratet for samfunnsikkerhet og beredskap (DSB). 

Slik søkjer du om godkjenning til å brenna bål

Send e-post til brannsjef. Oppgje tid og stad for bålet du planlegg, pluss kontaktinformasjon til den som skal stå som ansvarleg. 

Du treng ikkje søkje for:

  • Brenning av hageavfall

Du kan brenna hageavfall i hagen din heile året, med unntak av i totalforbodsperiodar med stor brannfare. Vis omsyn til naboar og bumiljøet. Det er ulovleg å brenna søppel og spesialavfall, som til dømes byggmaterialar, plast og store pappmengder. Dette skal kastast i restavfall eller leverast på gjenvinningsstasjonen. Brot på forureiningslova kan straffast med bøter.

  • Sankthans-bål 

Du treng ikkje søkje brannsjefen om løyve til å brenna bål denne dagen og kvelden, men du må be grunneigar om lov.

  • Bålet må ha god avstand til bygningar, vegetasjon og brennbart materiale.
  • Du må ta omsyn til vind, og ha rikeleg med sløkkjevatn tilgjengeleg
  • Ein ansvarleg vaksen må vere til stades
  • Det er ikkje lov å brenna søppel eller spesialavfall, som til dømes trykkimpregnerte materialar.

Kontakt

Vakthavande befal
Vakthavande befal
Vakthavande befal ved Os brann- og redningsvesen
Mobil: 915 68 590