Dagsbesøk i Raudlistova

Raudlistova kan leigast til dagsturar. Hytta er ikkje godkjend for overnatting, på grunn av manglande rømningsvegar. Det er høve til å overnatta i telt eller lavvu på bøen. 

Her finn du kart over området, vegforklaring og informasjon om parkering.


Slik leiger du Raudlistova

Kontakt Kommunetorget i Os rådhus for å avtale leige, signere kontrakt og hente nøkkel til Raudlistova. 

Kultureininga har ansvaret for drifta av Raudlistova. Spørsmål som går ut over sjølve rutinane med utleige av bygget kan rettast til Kultureininga.


Pris 

Leiga er kr 250,- per bruksdag. Os kommune sender faktura for leiga


Bruksreglar for Raudlistova

Den/dei som leiger (er ansvarleg) må vere over 25 år

  1. Det er strengt forbode å brenna bål i tida 15. april til 15. september utan løyve frå brannsjefen.
  2. Tøm omnen for oske ved avreise. Oska skal tømast i merka boks på utsida av hytta. Gamal oske vert grave ned. Meld frå til Kommunetorget om boksen vert full. Hugs brannfaren!
  3. Gå ikkje frå tende lys eller lampar.
  4. Ta med alt boss og alle restar etter proviant ved avreise.
  5. Leigetakar pliktar omgåande å melde frå til Kommunetorget om skadar på bygg og utstyr. Dersom skade skuldast aktløyse pliktar leigetakar å erstatta dette.
  6. Vatn kan hentast i elva.
  7. Leigetakar pliktar å gjere reint etter seg.
  8. Ta inn ved til neste brukar.
  9. Det er høve til å fiska i yste Raudlivatnet. Det må løysast fiskekort. Dette kan ein kjøpa hos Jostein Gaassand, tlf. 56 30 73 78.

Leigetakar pliktar å setja seg inn i husreglane for Raudlistova. Leigetakar står ansvarleg for skade på hus og innbu. Kommunetorget skal omgåande ha melding om slik skade.

  • Leigetakar må sjølv ta med handdukar, vaskeklutar, golvfille o.l.
  • Det er utedo på staden, men hugs toalettpapir
  • Hytta har enkel standard og innreiing
    • Ikkje innlagt straum eller vatn
    • Vedomn til oppvarming av vatn
  • Ta med stearinlys. Ei lommelykt er god å ha
  • Parkering på tilvist stad (parkeringsplass i Hatlelia)

Forlat Raudlistova slik du sjølv ønskjer å finna ho!
God tur! 

Kontakt

Øyvind Gjerde
Øyvind Gjerde
Stabskonsulent Kultur
Mobil: 906 68 388